Helse er tema i jubileumsåret 2024
I år fyller Forskingsdagane 30 år, og vi markerer jubileet med eit tema som engasjerer alle, nemleg helse. Dette temaet gir mange moglegheiter for institusjonane til å vise fram forskinga si.
Helse angår oss menneske fysisk og psykisk, men også dyrehelse og helse i hav og natur er aktuelle forskingsfelt å formidle frå under Forskingsdagane. Sunn mat og sunt kosthald for menneske og berekraftig fôr for dyr og fisk er også viktige sider ved helsetemaet. Fleire av FNs berekraftsmål handlar nettopp om helse, tilgang til mat og reint vatn, i tillegg til omsyn til livet på land og i havet.
COVID-19 gav oss nye utfordringar når det gjeld smittevern, vaksinar og behandling som vi ikkje hadde sett maken til. I dag er desse erfaringane verdifulle, og forsking på effektar av pandemien held fram både på folkehelsenivå og for samfunnseffektar på kort og lang sikt. Denne forskinga vil hjelpe oss når verda ein dag står overfor eit liknande problem.
Som tidlegare år oppmodar vi arrangørinstitusjonane til å tenkje nytt og breitt omkring årets tema. Helse kan vere så mykje meir enn det vi kanskje tenkjer på heilt omgåande, som tema innanfor samfunnsvitskap og humaniora.
Helse er eit tema som gir mange ulike institusjonar over heile landet store moglegheiter til å vise fram forskinga si på nye måtar.
Forskingsdagane 2024 er 18.–29. september.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2024, kl. 07.57 CET